Snorkeskinne

Snorking kan være et problem for mange.

Tidlegare var det vanleg å behandla snorking med såkalla snorkeoperasjonar. I seinare tid har ein gått vekk frå dette, då ein oppdaga at intraoral apparatur kan gi betre resultat.

Snorking oppstår når strukturar bak i ganen "klappar saman" når du sovnar, og luftstrømmen blir redusert eller blokkert på veg ned i luftrøyret.

Ei snorkeskinne dyttar underkjeven litt fram, og slik sørger skinna for at luftvegane er opne når du sovnar, og dermed at du snorkar mindre, eller stoppar å snorka. Snorkeskinna me lager her er spesialtilpassa tennene dine, har mjuk innside, og er todelt slik at du kan snakka og bevega kjevane sjølv om du har den på.

Dersom luftstrømmen blir heilt blokkert, og du (som oftast utan å merka det sjølv) stoppar å pusta i korte intervall i løpet av natta, kallast dette obstruktiv søvnapné. Desse pustestoppa kan målast i antall, varighet og i nedgang av oksygenmetning i blodet, og blir delt inn i alvorlighetsgrad. Søvnapné kan føra til at du blir trøytt på dagtid, at du får høgt blodtrykk, blir meir utsatt for trafikkulykker, og ein del andre symptom. Ein god del av dei som har kronisk obstruktiv søvnapné er òg snorkarar, derfor vil me alltid stilla nokre kontrollspørsmål når du oppgir at du snorkar. Dersom me mistenker at du har obstruktiv søvnapné henviser me deg vidare til spesialist eller søvnsenter.

Den snorkeskinna me lager her er den same typen som blir brukt for å behandla mild til moderat søvnapné, og kan òg brukast som alternativ for dei som ikkje klarer å bruka pustemaske (CPAP).

Les meir om søvnapné her: https://helsenorge.no/sykdom/sovnproblemer/snorking-og-sovnapne

Spør gjerne tannlegen din om snorking!