Vi tilbyr tannbehandling under narkose.

For mange er det ei stor påkjenning å i det heile tatt tenke på eit tannlegebesøk.

Skrekken tar overhand, og tannproblema verkar små i forhold. Etter kvart kan tannhelsa bli så dårleg, at det kan gi alvorlege konsekvensar.

Dei som slit med odontofobi (tannlegeskrekk), sprøyteskrekk, ekstrem brekningstendens eller liknande, treng å møte forståing for sine problem frå behandlarane på tannklinikken. Skal desse pasientane orke tanken på å gjere noko med tannhelsa, må dei bli møtt av trygge og profesjonelle tannbehandlarar. For nokre er angsten og frykta så stor, at dei treng narkose for å klare å bli sittande i tannlegestolen.


Trygge omgivnader, trygge behandlingar

Korleis kan vi gjere tannlegebesøket betre for dei som slit? Ofte hjelp det å få smertelindring, men det er ikkje alltid nok å vite at det ikkje kjem til å gjere vondt. Pasientane treng ofte noko meir. Dei treng tryggleik, dei treng sikkerheit og dei treng eit samkøyrd personell som tek vare på dei og vis forståing.


Handplukka team til deg

Tannklinikken Tanndan har no fått til eit samarbeid med Aneste Drift AS. Det gjer at Tanndan kan tilby profesjonell og trygg behandling av pasientar som treng behandling i narkose. Våre tannbehandlarar vil samarbeide med eit narkoseteam, slik at vi kan gi deg behandling i narkose her på tannklinikken Tanndan. Narkoseteamet er handplukka av anestesioverlege Stefan Hauptig, som har arbeidd med anestesi i forbindelse med tannbehandling i over 10 år. Stefan har lang erfaring med pasientar som har behov utover det vanlege, i forbinding med tannlegebesøk.


La oss vere di trygge hamn!

Som pasient hos Tanndan, vil du få tett oppfølging og du vil ikkje bli utsett for stress utanfrå. Vårt mål er at du skal oppleve at vi har kontroll, vi vil deg vel og vi er her for at du skal få ei så skånsom behandling som mogleg.

Kvar einaste person som er i det håndplukka narkoseteamet og i tannklinikken Tanndan sitt personell har same mål; å gjere tannbehandlinga best mogleg for deg!


Ta kontakt i dag for ein vennleg prat!