Tannlegeskrekk fører ofte til at mange lar tannlegebesøket utebli.

 

Kva kan me gjera for deg med tannlegeskrekk?

Tannlegane våre Signe K Rydland og Malene Myhre Vaage har tatt ein mindre etterutdanning i Odontofobi (tannlegeskrekk). Dei har god erfaring med å behandla tannbehandlingsangst og sprøyteskrekk.

Avtal første time heilt utan tannbehandling, slik at du kan få ein plan og bli kjent med tannlegen.

Dersom me finn at du kanskje har rettigheter i den offentlege tannhelsetjenesta kan me henvisa deg til eit lokalt team med tannlege og psykolog.

Me tilbyr og narkosebehandling med relativt kort ventetid.

Signe og Malene har god erfaring med kognitiv atferdsterapi, som er den gjeldande behandlingsformen når du har angst for tannbehandling. Du vil få informasjon om kva dette er og korleis behandlinga foregår.

Det som er viktig for oss er at DU alltid har kontroll, og at me ALDRI gjer noko som ikkje du har gitt tydeleg signal om at du synest er greit.

- Målsetnaden vår er klinkande klar: at du blir trygg hos tannlegen og at du aldri meir kvir deg til tannlegetimar i framtida.

 

Vi tilbyr tannbehandling under narkose. Les mer om det her.